Kritisk skadd etter ulukke i Oslo

Ein person er kritisk skadd etter at ein bil køyrde inn i autovernet på ring 3 i Oslo i føremiddag. Ulukka skjedde i austgåande retning rett før Storo. Politiet seier ulukka kan skuldast akutt sjukdom.